Priseksempel

Buen Garnås AS gjev som oftast tilbod på fastpris utifrå det materialet som blir lagt fram, der denne prisen gjeld innanfor visse rammer utifrå ønskjer, skisser og idear det eventuelt blir inngått avtale på grunnlag av. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Priseksempla over er bygd på tidlegare erfaring når det gjeld prosjekt der det aller meste av nødvendig materiale og rettesnorer er på plass.
Prisane er inklusive MVA, og gjeld byggemeldingsklare teikningar, utan spesielle utfordringar. 


Det er naturlegvis store forskjellar frå prosjekt til prosjekt når det gjeld prisen på arkitekttenester. 

Det avheng veldig av slike ting som omfanget av prosjektet, og av kor klare ønskje, idear og skisser kunden har når det gjeld utsjånad, utnytting av og form på bygget. 
Og det kjem òg veldig an på kor mykje av nødvendig materiale som blir lagt fram ved oppstart, 
for eksempel reguleringsplanar, situasjonskart og 
teikningar på eksisterande bygg, der dette er nødvendig.


Men utifrå erfaring er det likevel mogleg å gje eit visst estimat på prisen på denne delen av prosessen mot ferdige bygg, slik det er gjort i desse priseksempla. 
 

Frittliggande enkel/dobbel GARASJE eller andre UTHUS 
kr 8.000 – 15.000,- 

TILBYGG, hus eller hytte
kr 15.000 – 30.000,- 

HUS eller HYTTE, inntil 1,5 etasjar 
kr 25.000 – 30.000,- 

HUS eller HYTTE, inntil 2 etasjar 
kr 30.000 – 45.000,- 

HUS eller HYTTE, inntil 3 etasjar 
kr 35.000 – 60.000,- 

Tak gjerne kontakt for pristilbod. 
Me er bestandig å treffe på e-post. 
Eller så kan de bruke kontaktskjemaet under. 

tegninger

KONTAKT

  • Black Facebook Icon

Takk for innsendinga di!