Buen Garnås AS

er eit firma som tek på seg arkitekttenester over heile landet. 

 

Selskapet blei etablert av Per Anders Buen Garnås i 2012, etter å ha jobba i familiebedrifta Buen AS sidan 2004 - der han lærte seg å teikne hus, hytter, garasjar og andre småhus gjennom jobben.

Her jobba han fram til 2013, da han blei med over i Buen Hytter & Hus AS, som heldt fram med den kjende Buen-stilen fram til 2020. 

Parallelt med desse faste jobbane har Per Anders heile tida, i tillegg til å vera musikar, teke på seg teikning utanom desse firmaa, gjennom Buen Garnås AS. 
Slik har han opparbeidd seg kompetanse også utover den tradisjonelle Buen-stilen.  

Frå 2020 har han teke all teikning gjennom Buen Garnås AS, og er slik open for alle type oppdrag innan teikning av bygg i dei fleste stilartar. 

Kundegruppa til Buen Garnås AS er alt frå private byggherrar til byggmeistrar og større entreprenørar. 

Per Anders Buen Garnås