Tenester

Buen Garnås AS lagar søknadsklare teikningar til konkurransedyktige prisar, både for privatpersonar og større byggmeistrar og entrepenørar. 

Dess klarare planane til kunden er, dess billigare blir arkitektjobben. 

Men me tilbyr sjølvsagt å vera med på prosessen heilt frå start til slutt òg. 

Vegen frå idé til realitet 

​Det aller beste er om du sender enkle skisser av bygget du ønskjer teikningar til.
Det treng berre vera nokre strekar på eit ark, og cirka-mål. Det er ingen krav til kvaliteten på skissene. 


Gjeld det eit tilbygg er det bestandig fordelaktig med gode teikningar av eksisterande bygg.
Om dei gamle teikningane ikkje er å oppdrive, vil de spara mykje på at de måler opp grunnmåla på bygget, vindu og dører sjølve, og plassering av desse - og i tillegg høgde frå grunnmur til tak, samt frå grunnmur opp til mønet på taket, for å finne takvinkelen. 
Veldig viktig er det òg med bilete av alle fasadar, slik at det er lettare å forstå bygget - og også fordi det da er mogleg å teikne tilbygget i ny stil. 

 

Det er også veldig fint om de har nokre idear om kva for stil de ønskjer bygget i - om det er tilbygg, eller om det er heilt nye bygg. 
Difor er det veldig kurant om de legg ved nokre inspirasjonsbilete. 
 
Når me har det me treng, sender me kunden eit pristilbod. Og når avtala er i boks, gyv me laus på jobben så fort me kan.

Leveringstida vil avhenge av storleiken på oppdraga og pågangen av desse. 

Men målet er å kunne levere teikningar i løpet av 2-4 veker. 

Etter at dei søknadsklare teikningane er ferdige, og kunden er nøgde med desse, kan Buen Garnås AS i somme tilfelle også tilby tenester når det gjeld byggesøknadar og arbeidsteikningar.

Ofte er det greiast at byggesøknadar og arbeidsteikningar gjerast av byggmeister/entrepenør. Byggesøknadar greier mange å fylle ut sjølve òg.
Men om det skulle vera behov for hjelp også i desse tilfella, kan me bli einige om prisar for desse jobbane òg, om me ser at me har tid og høve. 

Tak gjerne kontakt om det er noko de lurar på. 
Me er bestandig å treffe på e-post. 
Eller så kan de bruke kontaktskjemaet under. 

tegninger

KONTAKT

  • Black Facebook Icon

Takk for innsendingen din!